Arkiv

Monthly Archives: september 2011

….ooooh!!! -  i blåggfårmat – sjela bløøør!! …men ein plattform lyt ein nytta for å spreia ükültür til massane…

motto: – med tida vert ukultur kultur -

…her kjem det ei ripa i lakken til røynda: den lite sømelege, omtalte eller omtykte 99-samlinga: vozzapønk… tidlegare brent i omlag sju eksemplar (her er kjeldene (minnet) særs fragmentert). no diverre rippa og lagt ut for ålmen nedlasting og ålment hat…

Sporlista:

01. fjerned haarwæxsth - møte i nain
02. fjerned haarwæxsth - dynastiet
03. fjerned haarwæxsth – rutinen
04. fjerned haarwæxsth - gamle menn
05. fjerned haarwæxsth - streiftog
06. fjerned haarwæxsth – til folkets beste
07. fjerned haarwæxsth - voss i vinter
08. hemma jårt - lik
09. hemma jårt – atomkraft
10. hemma jårt - geometri
11. hemma jårt - trang fødsel
12. hemma jårt - lik (live)
13. gonoreagan - gonoreagan
14. gonoreagan - gutta/kvisa
15. gonoreagan - pul staten
16. grand mal - soldier
17. landssvik - eventyrets land
18. landssvik - livet e’ eit helvete
19. landssvik - fucking world
20. dead bjedne - kvise på min nese
21. dead bjedne - norol
22. dead bjedne - kvise på min nese…
23. ketchup boys - kjartan b.
24. the coffins - harry
25. the coffins - sug deg

…årstal er sikkert mogleg å henta fram, men er ikkje gjort grunna latskap. alle låtane (og bænda) er frå medio til ultimo 80-tal. alle bænd er frå vozz sett vekk frå coffins som er frå ulvik, hemma jårt som er frå voss folkehøgskule (eigen geografisk entitet)… nokre fleire opplysningar kvar låtane er henta frå står på omslaget som fylgjer med zip-fila. dei fleste spora er frå ymse kassettar som vart utgjeve på den legendariske palmafoss-verksemda humbug productions. elles er det utdrag frå vm i råkk ’84 og gryterock ’88.

…elles har ein så smått byrja jobba med ei ny lokal samling under arbeidstittel: “vozzapønk 2: anarki og kolos”. uvisst når denne vil ta fysisk (digital) form. dåmen av undergang riv i nasa!

…last ned HER

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.